Viser arkivet for stikkord politi

Politiet og utrykkingstid

Sogn og Fjordane er eitt av distrikta med dårlegast politidekning i heile landet. I dag er det 1,139 politibetjentar per tusen innbyggjarar. Det er langt ifrå den nasjonale målsetjinga om å ha to politibetjentar per tusen innbyggjarar.

Og skal me tru politimeister Johan Brekke er det heller ikkje spesielt viktig at me aukar talet opp mot det nasjonale målet. Me skulle hatt 216 politifolk i operativ teneste, men til Bergens Tidende har politimeister Brekke sagt at det får halda med 162.

«Vi må sjå på kva utfordringar vi har, og eg meiner at 1,5 per tusen er ei berekraftig politidekning her», seier Johan Brekke til BT. Han minna om at Sogn og Fjordane har lågast kriminalitet i landet. No er det ikkje berre kriminalitet politiet skal ta seg av. Gong på gong skjer det at politiet kjem fram til ulukkesstader lenge etter at utrykkingspersonell frå andre etatar, hovudsakleg brannvesen og ambulanse, har rydda opp.

Dette skjedde seinast fredag kveld etter den dramatiske bilulukka ved kyrkja på Leikanger. Brannvesenet var på plass fem minutt etter at AMK fekk meldinga, noko som er utruleg imponerande av dei lokale brannfolka. Ambulansen kom knappe ti minutt seinare, bra det også. Og takka vera heltemodig innsats frå fleire tilfeldige forbispaserande gjekk det ikkje liv tapt. Politipatruljen derimot, kom durande tett på ein time seinare. Dei kom med fulle sirenar og blålys rett nok det skal dei ha, men det var mildt sagt unødvendig så lenge etterpå.

Igjen opplevde ein politipatrulje å koma fram til ein ulukkesstad lenge etter alle andre. Forklaringa ligg i at politiet etter kontortid ofte har så store distrikt å dekka at det er normalt med langt over ein times utrykkingstid. Dette må vera eit problem for politimeisteren.

Det er heller ikkje etter 22/7 utan vidare eit haldbart argument at me har eit fylke med lite kriminalitet. Spørsmålet er korleis beredskapen er den dagen politiet verkeleg trengst! Kven skal rydda opp dersom nokon går amok med våpen utanfor kontortid, og nærmaste politipatrulje er meir enn ein time unna?

Det er sjølvsagt kjekt for dei sentrale styresmaktene og toppleiinga i Politidirektoratet at det er ein politimeister ute i distriktet som seier han ikkje treng større ressursar. Men det kan umogeleg vera tilfredsstillande for tenestemennene å ha ein så passiv sjef. Det kan heller ikkje vera spesielt kjekt for dei aktive tenestemennene å gong på gong koma fram til ulukkesstader lenge etter at alle andre er ferdige med sin innsats. Og kva gjer dette med politiet si evne til å finna årsaka til ulukka?