Viser arkivet for stikkord rassikring

Ein tryggare kvardag for mange

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Det kan ikkje vera mykje tvil om at ordførar Arild Ingar Lægreid hadde heilt rett då han konstaterte at kommunestyret tok ei rett avgjerd då dei valde å gå inn for ei forskottering av Naustbukttunnelen. Ein kan sjølvsagt meina mykje om kvifor det skal vera nødvendig. Kvifor i all verda ein kommune må forskottera så store midlar for å gjera det nokolunde trygt å ferdast på ein veg. Ein veg som har vore så viktig for Hydro sin produksjon i Årdal og dermed brutto nasjonalproduktet, men det er no ein gong slik me har det.

Det faktum at denne vegen er rekna som ein av dei farlegaste strekningane på heile Vestlandet, var ikkje tilstrekkeleg til å rykka fram i køen. Det ville det framleis ha gått fem år – minimum – om ikkje kommunen hadde fått inn med ei forskottering.

Og sjølv om ein er prinsipielt imot at ein kommune skal forskottera eit rassikringsprosjekt som det er eit så stort og udiskutabelt behov for, blir prinsipp mindre viktige når ein der kva ei raskare realisering av eit prosjekt som dette har å seia. Me må innsjå at det enno er slik at lokalsamfunna må bidra for å gjera det litt tryggare og ferdast på vegane i regionen vår. I Fatlatunnelen må folk betala bompengar. Når det gjeld Naustbukttunnelen vil jo pengane bli betalt attende når Staten ser seg råd til det om nokre år.

For dei mange som køyrer att og fram på den svært rasfarlege vegen mellom Tangen og Øvre Årdal kvar einaste dag, er det uvesentleg kven som har betalt tunnelen. For alle Hydro sine sjåførar, dei som brukar nesten heile arbeidsdagen att og fram på denne vegen, for bussjåførane som passerer 50 gonger i døgeret, for alle skuleborna og foreldra deira, og alle andre – er det einaste som tel at tunnelen endeleg er ein realitet.

Sogn Avis sin biletserie frå dei mange store rasa i dette området dei siste åra, fortel meir enn ord om kor viktig tunnelen er. Mange gonger har det vore svært nære på. Difor må ikkje minst prisa oss lykkelege over at det ikkje har gått heilt gale på denne strekninga. Rasfrekvensen har auke mykje dei seinare åra, også difor var det viktig at kommunen tok tak og forskotterte anlegget.

Samstundes og midt oppe i gledesrusen over at vegen er tryggare, er det viktig å merka seg at det framleis står att mykje arbeid på vegen, ikkje minst med å utbetra dei gamle og tronge tunnelane. Likevel, mest av alt er det grunn til å feira at Naustbukti er så trygg ho kan bli no. Kvardagen er blitt mykje, mykje tryggare og enklare for svært mange etter denne tunnelopninga.