Viser arkivet for stikkord rusmisbrukar

Eit viktig og modig utspel

Roy Harald Haukereid er ein modig, ung mann med ein viktig bodskap: rusettervernet er ikkje godt nok. I Sogn Avis sist laurdag gjekk han ut med kritikk mot ettervernsarbeidet i Årdal. Han meiner at årdøler, som slit med rusproblem, ikkje blir tekne godt nok vare på av det kommunale apparatet.

Haukereid kjenner tilhøva godt, og er konkret i sine utspel. Her etterlyser han eit betre opplegg for integrering i lokalsamfunnet, når folk kjem frå rusbehandling. Slik det fungerer i dag, har personar med rusproblem små sjansar til å skapa seg eit nytt liv i eit rusfritt miljø. Dei blir ofte plasserte på stader og i miljø der det er mykje rus. Faren for tilbakefall er soleis overhengande.

Det er all grunn til å lytta til den unge mannen. Etter å ha vore langt nede med rusproblem sjølv, veit han betre enn dei fleste, kvar skoen trykkjer. Og ikkje minst kva som kan hjelpa på den vanskelege situasjonen for dei som slit med rusproblem. Metodane som kommunen brukar for å hjelpa rusmisbrukarane attende på rett spor, er etter Haukereid sitt syn utdaterte.

Ifølgje Haukereid handlar det ikkje minst om å unngå stigmatisering av folk med rusproblem. Det er viktig å skapa opne sosiale fellesskap, der også dei med rusproblem kan delta. Han meiner at synet på rusproblem er misforstått.

Me registrerer at kommunalsjef Rigmor Svanberg set stor pris på tilbakemeldingar som frå Roy Arild Haukereid. Ho opplyser også at kommunen er i gang med å laga, og har laga, politiske handlingsplanar som seinare både skal evaluerast og reviderast. Mellom anna skal Rusmiddelpolitisk handlingsplan reviderast i 2012.

Årdal kommune er på ingen måte åleine om å ha ei utfordring på dette området. Tilbodet til unge rusmisbrukarar i Sogn og Fjordane har ikkje på nokon måte vore godt nok. Framleis er til dømes ikkje den fiks ferdige rusposten på Nordfjordeid teken i bruk. Rusposten skal ha ti døgnplassar og er primært for personar under 30 år. Problemet er at Helse Førde ikkje har funne midlar til å driva denne rusposten enno.

Me har ikkje noko svar på korleis desse problema i rusomsorga bør handterast, verken det lokale ettervernsarbeidet rundt i kommunane, eller rusposten på Eid. Men det kan ikkje vera tvil om at utspel som det frå Roy Harald Haukereid må takast på høgaste alvor og lyttast til. Etter vårt skjøn bør personar som Haukereid takast med i det konkrete arbeidet som blir gjort på dette området. Då kan resultatet kanskje bli noko meir enn fine planar som berre blir evaluerte når det måtte passa.