Viser arkivet for stikkord samferdsle

Viktigare enn ein valkamp

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

«Dette er viktigare enn ein valkamp», svarar Sp-leiar og samferdsleminister Liv Signe Navarsete kontant då ho fekk spørsmål i Politisk kvarter i går morgon. Bakgrunnen for spørsmålet var sjølvsagt den raudgrøne regjeringa sitt framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP 2010-2019), i går omtalt som tidenes største satsing på samferdsle her i landet. Det er liten tvil om at Navarsete har rett i at dette – dersom NTP blir realisert slik regjeringa legg opp til i komande tiårsperiode vil det ha stor – ja, heilt avgjerande betydning for korleis distrikts-Noreg skal og kan utvikla seg i framtida.

Såleis er den langt viktigare enn ein valkamp, sjølv om den neppe vil vera spesielt skadeleg for dei raudgrøne i den føreståande valkampen.

Heilt lokalt er sjølvsagt løyvinga til ny Loftesnesbru i Sogndal det viktigaste. Det kjem 100 millionar kroner til ny bru og det beste av alt – arbeidet med å erstatta den 50 år gamle brua kan ta til alt neste år. Reguleringsplanen for bygging av den nye brua skal etter det Sogn Avis kjenner til vera klar til utlegging i løpet av eit par månader.

Ei ny Loftesnesbru vil ha svært mykje å seia for lokaltrafikken. Først og fremst fordi den gamle brua for lengst er utdatert i forhold til trafikken. Det er til dømes direkte livsfarleg for gåande og syklande å bevega seg på brua. Og med tanke på at bompengane i Fjærland snart er historie, vil trafikkveksten gjennom Sogndal og dermed over brua auka dramatisk i åra som kjem. Ny bru kjem i grevens tid.

Det er grunn til å flagga i Sogndal for at flaskehalsen frå 1958 snart er borte.

For næringslivet i Sogn er storsatsinga på E16 over Filefjellet og gjennom Valdres sjølvsagt det aller viktigaste. I NTP 2010-19 skal det brukast tett på tre kvart milliard kroner på opprusting og utviding av E16 i Lærdal. I første del av planperioden skal det nyttast 140 millionar kroner til parsellen Seltun – Håbakken. I same periode er det lagt opp til å bruka 420 milliard kroner på Borlaug-Maristova og ytterlegare 200 millionar kroner i siste halvdel av planperioden.

Ei sikker heilårsveg over Filefjell, med ein standard som ein stamveg skal ha – vil gjera livet monaleg lettare å leva for ei verksemd som til dømes Lerum i Sogndal. Samla sett får fylket kring 4,5 milliardar kroner til bygging av vegar i komande tiårs periode. For kysten er opprustinga av E39 frå Lavik til Hornindal like viktig som E16 er for indre deler av fylket.

Det er all mogeleg grunn til å gratulera dei raudgrøne partia i regjeringa med framlegget til NTP 2010-19.