Viser arkivet for stikkord sentralsjukehuset

Kom nesten heilt i mål

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Samferdsleutvalet i fylkeskommunen skal ha ros for at dei nytta absolutt første høve til å rydda opp i fadesen som er avdekt med sjukehusbussen for folk som bur i kommunar som Vik, Balestrand og Høyanger. Det er heilt uhaldbart at den sokalla sjukehusbussen frå Midtre Sogn stoggar på rutebilstasjonen i Førde og at pasientane som skal til sentralsjukehuset må ta ringbussen resten av vegen.

Frå fleire hald har det kome klar beskjed om at dette ikkje er akseptabelt. Då dei folkevalde i samferdsleutvalet handsama rutetilbodet i fylket frå 1. mai onsdag, skar dei gjennom og gjorde det rimeleg klart at denne bussen skal gå heile vegen til sjukehuset frå 1. mai. Det gjorde den same bussen tidlegare, heilt fram til eit eller anna gjekk riv ruskande gale i samband med ein eller annan budsjettrevisjon.

Truleg er det manglande folkevald styring som er forklaringa på at det kunne oppstå ein situasjon som er så meiningslaust dum som å stoppa ein etablert sjukehusbuss på ein rutebilstasjonen og overlata pasientar av alle slag til eit ringbusstilbod? Det er i alle fall ingen tvil om at politikarane viste ein bra porsjon handlekraft då dei fekk saka på bordet sitt.

Me registrerer at utvalsleiar Knut M. Olsen også legg opp til eit møte med Helse Førde for å diskutera framtidige løysingar når det gjeld denne type transport. Dei vil no sjå på tilbodet for heile fylket samla for å unngå liknande episodar i framtida. Dette er strålande og viser igjen at samferdsleutvalet både har mot og evne til å gjera noko når urimelegheiter blir avdekt.

Etter det me forstår vil det kosta fylkeskommune 23.000 kroner i året å frakta dei aktuelle pasientane dei ekstra kilometerane til sjukehuset. Det burde vera ein utgiftspost fylkeskommunen maktar utan at alt bryt saman. Så spørsmålet blir eigentleg kvifor ikkje sjukehusbussen like godt kan byrja å gå heilt fram alt frå komande måndag?

Det skulle kosta fylkeskommunen vel 3500 kroner å frakta pasientane frå midtre Sogn heilt fram til sjukehusdøra i dei vekene som er att fram til 1. mai. Det burde eigentleg gå bra det, også…