Viser arkivet for stikkord sjukehusmat

Langreist mat

I snart eitt år har pasientane på Lærdal sjukehus levd på langreist mat. Det vart åtvara frå fleire hald mot nedlegging av kjøkenet på sjukehuset, som var populært etter å ha levert god, og ikkje minst næringsrik mat i mange år.

Mesteparten av maten som pasientane i Lærdal no får, blir laga i Førde og køyrd langs landevegen til Lærdal. Men det blir hevda at potetene blir kokte i Danmark og vakuumpakka før dei blir sende ut på si lange reise til Indre Sogn.

Etterverknadene av Dagmar gjorde at verken poteter eller anna mat kom fram til Lærdal den 28.12. Då måtte personalet på sjukehuset improvisera og laga graut. Det var graut eller ingenting til pasientane denne dagen.

Direktør for intern service i Helse Førde, Torstein Solset, er klar på at det til ei kvar tid skal vera beredskap for å takla situasjonar som den i romjula, i både ein og to dagar. Med andre ord graut er greitt!

direktøren seier vidare at han prøver å koma behovet ute på dei ulike institusjonane i møte, og at han høyrer på dei som klagar. Han hevdar også at det kjem positive tilbakemeldingar.

Dette står i grell kontrast til det nyss utskrivne Kari Grøtte fortel. Etter tre veker som pasient på sjukehuset i heimbygda, er hennar dom over maten som blir servert der no, knusande. Maten er smaklaus, generelt dårleg og verst av alt ikkje så næringsrik som den burde vera.

Og Grøtte tykkjer det er heilt forkasteleg at dei tilsette på eit sjukehus med fullt utstyrt kjøken, må seia til pasientane at når Kjøsnesfjorden er stengd då er det berre graut som gjeld.

Me har for lengst innsett at det er vanskeleg å nå fram til Helse Førde med kritikk, og at det er nesten heilt uråd å få helseføretaket til å revurdera noko som helst. Men det er heilt openbert at standarden på den langreiste maten, ikkje er i nærleiken av å halda den kvalitet som pasientar treng for å bli friske att. Kari Grøtte har heilt rett når ho meiner dei ansvarlege må ta tak i dette, og revurdera ordninga med langreist sjukehusmat.

Me les at direktør Solset hevdar at han fått positive tilbakemeldingar frå pasientar på maten som blir servert. Desse pasientane skulle me gjerna ha prata med. Kan de vera så snille å ta kontakt med Sogn Avis?