Viser arkivet for stikkord skjolden

Viktig for Wittgenstein

Fleire av dei fremste filosofane i verda tok hausten 2009 initiativ til å attreisa huset som Ludwig Wittgenstein i si tid sette opp ved Eidsvatnet på Skjolden. Initiativtakarane fekk den gongen solid støtte frå ei rekke forfattarar og kunstnarar, også her i landet.  

Sakte, men sikkert har det også gått opp for lokale krefter og ikkje minst – for dei lokale folkevalde – kor viktig dette prosjektet er.

Luster kommune har dei siste åra jobba målretta og godt for å få hand om hustufti ved vatnet. Sist veke kom dei eit svært viktig steg vidare. Då gjekk formannskapet endeleg inn for å løyva 250.000 kroner til dette føremålet.

Dette er sjølvsagt eit heilt avgjerande steg i prosessen for å få sett opp att huset etter den verdskjende filosofen på tomta, som har fått namnet «Austerrike» etter heimlandet til filosofen.

Mange sogningar kjenner godt til soga om den verdskjende filosofen, som var i Skjolden fleire gonger etter at han fekk reist den omtalte hytta i 1914. Wittgenstein sa ved fleire høve at det var ingen stad han jobba så godt som på Skjolden.

Det er soleis ingen tvil om at Skjolden og hytta ved Eidsvatnet spelte ein viktig, enkelte meiner – avgjerande, rolle i filosofen sitt arbeid.

No når kommunen endeleg har sikra seg eigedomsretten til den ti mål store eigedomen, er det lov å tru på at dette prosjektet kan realiserast. No har dei folkevalde i Luster formannskap i allefall lagt til rette for at dei eksterne kreftene, som står i brodden for attreisinga kan lukkast.

Under siste møte i formannskapet nytta politikarane også høvet til å rosa grunneigar Rune Fuglesteg for goodwillen han har vist ved å avstå dette arealet. Dette må reknast som eit kulturhistorisk klenodium i verdsformat.

Det står mykje arbeid att før hytta er atterreist på denne tomta. Ikkje minst må den eksterne gruppa få tilgang til det som er att av den gamle hytta, i det som i dag er eit feriehus i bygda. Me vil tru det vil vera lettare å få til no når tomta er klargjort.

Neste steg bør vera å vurdera om det bør etablerast eit besøkssenter og eit lokalt arkiv i tilknyting til ei atterreist hytte på tomta – og korleis dette eventuelt kan ordnast reint praktisk. Også dette vil det vera enklare å få til no når kommunen har avklart tomtespørsmålet.

Det er all grunn til å gratulera Skjolden med denne utviklinga.

Storveges på Skjolden

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

I desse finanskrisetider er det nesten som ein må klypa seg i armen over Oddvar Røysi si satsing på Skjolden. Rett nok har investoren og eigedomsmagnaten, som er busett ved Hønefoss, både sagt og lova at han skal byggja ut Skjolden til noko heilt ekstra. Prata kan mange gjera, men Røysi har for lengst dokumentert at han gjer mykje meir enn å prata. For utviklinga i indste delen av Luster kommune er ein slik investor meir enn gull verd.

Men at dette skjer no i 2009, at det skal investerast i alt over 130 millionar kroner på eit reiselivsanlegg på Skjolden dette året, er likevel nesten ikkje til å tru. Faktum er at Skjolden – når Skjolden Brygge del 2, cruisekaien og servicebygget for cruisetrafikken – står ferdig, så vil den vesle bygda ha det største overnattingsanlegget i heile kommunen. Skjolden Brygge vil samla ha over 200 sengeplassar, og i løpet av få år vil heile området innsida av den gamle Hydrokaia med eit kaihus som stod til nedfalls, bli forandra til eit spennande reiselivsprosjekt, ikkje berre kloss i, men delvis ute i sjølve fjorden.

Me skal utan vidare vedgå at me var skeptiske til cruisekai-planane frå Oddvar Røysi første gongen dei var lanserte. Og framleis kan det sikkert vera grunn til å lura på om Skjolden er stort nok til å ta i mot ein cruisetrafikk av det omgang som er tenkt. Men vår skepsis er betydeleg redusert etter kvart som me har registrert Røysi si store handlekraft og ikkje minst evne til å setja planane han har ut i livet.

Og det kan jo vera slik at Røysi si satsing på cruisekai på Skjolden, i eit lengre tidsperspektiv, kan visa seg å vera genial. Som til dømes dersom ein nye stamveg mellom Bergen og Trondheim blir plassar gjennom Sognefjellet på eitt eller anna vis. Skjolden er uansett ved inngangsporten til Jotunheimen som sikkert kan gjerast like attraktiv å vitja som ein tur med Flåmsbana. Det er ikkje så mange år sidan folk ville ha ledd om du hadde påstått at Flåm skulle ha så mange cruisebåtanløp som i dag.

Men dette er eventuelt på lang sikt. På kort sikt betyr Røysi si satsing på Skjolden både arbeidsplassar, auka aktivitet og dermed større tru på framtida. Me er sjølvsagt klar over at Røysi satsar på Skjolden fordi han har røtene sine i denne regionen, det var på Skjolden han gjekk barneskulen. Men slett ikkje berre difor. Han har neppe bygd opp sitt eigedomsimperium på nostalgi og behov for å hjelpa lokalsamfunn åleine. Han satsar sjølvsagt først og fremst for å tena meir pengar.

For ei bygd som Skjolden er det storveges og ringverknadene gjer framtidsutsiktene langt lysare enn dei elles ville ha vore.