Viser arkivet for stikkord skottland

Me bør læra av Skottland

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Me har aldri lagt skjul på at me ikkje har mykje til overs for verken Helsereforma eller Reform 94, Gudmund Hernes sitt verk som har øydelagt skuledagen for mang ein elev på studieretning yrkesfag. Det er neppe tilfeldig at begge desse reformene er under press for tida.

Ei av hovudinnvendingane mot Helsereforma er først og fremst at den er tufta på ein idé om at alt, i alle fall det meste, ville løysa seg for norsk helsevesen, berre marknaden fekk styra og pasientane vart gjort om til kundar. Etter at helseføretaka vart oppretta og den eine dresskledde føretaksdirektøren med feitare lønn enn den andre, tok styringa, har mykje gått feil veg, i alle fall når det gjeld pengebruken.

Helse Førde stakkars, har knapt vore i nærleiken av budsjettbalanse, og det er fint lite som tyder på at vårt lokale helseføretak vil koma dit noko gong, så lenge dagens føretaksmodell lever.

Sist veke hadde Bergens Tidende ein svært interessant artikkel om Skottland. Våre naboar på den andre sida av Nordsjøen sa farvel til marknadsinnblandinga i helsesektoren og sparte følgje BT seg milliardar kroner på tre år. Mykje tyder på at skottane har gjennomført ein snuoperasjon som dei fleste politiske partia her i landet meiner er heilt umogleg – dei har rett og slett reversert marknadsreforma i det offentlege helsevesenet. No ber dagleg leiar Roar Eilertsen i De Facto, eit uavhengig kunnskapssenter for fagorganiserte om at norske helsepolitikarar og byråkratar ser til Skottland og freistar læra noko av det som har skjedd hjå dei.

De Facto har laga ei rapport på vegner av organisasjonen For velferdsstaten, og han karakteriserer den skotske snuoperasjonen som ein suksess. Han meiner norsk helsevesen kan læra at det faktisk er fullt mogeleg å byggja ut ei helseteneste som er basert på samarbeid og ikkje konkurranse og at dette faktisk kan skje innanfor offentleg forvaltning.

I staden for å berre snakka har skottane klart få ulike deler av helse – og sosialsektoren til å fungera saman. Viss det er noko landet vårt treng er det noko tilsvarande. I dag pøsar me ut stadig meir pengar, utan at det ser ut til hjelpa der det trengst mest. Dersom me skal makta å oppretthalda eit bra helsetilbod for alle folk rundt i landet må dei folkevalde ta attende styringa av helsevesenet. Alt tyder på at mindre fokus på marknad og større på pasientane vil vera det beste for alle partar.

Dei som har tent mest på den helsereforma me har gåande i dag er direktørane som for lengst har passert statsministeren to gonger i årslønn. Det var vel ikkje meininga med helsereforma og difor bør nokon ta seg ein studietur til Skottland – snarast.