Viser arkivet for stikkord sogndal

Uaksetabelt av Widerøe

Dei siste vekene er flytilbodet frå Sogndal Lufthamn til Oslo vorte monaleg forverra. Over natta – og utan forvarsel – endra Widerøe rutetilbodet mellom Sogndal og hovudstaden frå 1. april. Direkteruta frå Sogndal klokka 13.50 midt på dagen går no via Sandane. Det medfører mykje lenger reisetid for sogningane.

Det er ille og dessutan er dette eit klart brot på anbodskrava til Widerøe. Kravet er fire daglege direkteavgangar frå Sogndal til Oslo. Talet er no nede i tre, etter at Widerøe har endra direkteavgangen klokka 13.50 til å gå via Sandane.

Dette har både Sogn regionråd og ordførarane i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) og Luster, Ivar Kvalen (Sp) reagert på. Dei to sistnemnde var nyleg ute i Sogn Avis med kraftig kritikk mot dette svært merkbare kuttet i rutetilbodet frå Sogndal.

Reisetida blir meir enn dobla når den tidlegare så populære direkteavgangen klokka 13.50 først skal setja snuten nordover til Sandane, for så å flyga attende same vegen til Gardermoen. Og som om ikkje dette er nok, råkar denne omlegginga også returtilbodet frå Oslo til Sogndal om ettermiddagen.

Sogndal lufthamn har hatt ein fin trafikkvekst dei siste månadene. Og dersom denne veksten held fram, kan lufthamna passera 50.000 lokale reisande i år. Det er liten tvil om at 13.50-avgangen fram til 1. april betydde mykje for den positive utviklinga i passasjertalet.

Sogningane har solid støtte for sitt syn i denne saka. Også når hovudutval for samferdsle i fylkeskommunen får saka på sitt bord i morgon. I si tilråding skriv fylkesrådmannen at fylkesutvalet ikkje kan akseptera at Widerøe bryt krava i anbodet til fire direkte avgangar mellom Sogndal og Oslo. I tilrådinga blir Widerøe oppmoda om å vurdera andre løysingar som ikkje medfører lengre reisetid til Oslo og utsett retur på det eine av to ettermiddagsfly frå Oslo til Sogndal.

Dette er sjølvsagt verdfull støtte for dei som arbeidar for ei betre flytilbod over Sogndal Lufthamn.

Sogningane har i fleire år jobba for å få eit betre rutetilbod, ikkje minst med eit nattstasjonert fly på Haukåsen. Og frustrasjonen er svært stor over at dei i staden for å få gjennomslag for dette kravet ser at flyselskapet bryt anbodskravet og omgjer ein av direkteavgangane til ein rundt via Nordfjord.

Du må truleg vera ordførar i Gloppen for å ikkje forstå at dette er provoserande og heilt uakseptabelt frå Widerøe. Dette må endrast på, snarast!

Fare for historisk feil

Sogndal kommune er i ferd med å gjera ein historisk tabbe. Me er rimeleg trygge på at eit vedtak om å byggja opp eit nytt omsorgssenter i og under Stitoppen kloss i barneskulen, vil bli vurdert som nær ein skandale av framtidige generasjonar. Det er vanskeleg å fatta og begripa korleis det framleis kan vera mogeleg at det er eit fleirtal for desse planane.

Dette har ikkje primært med at bygget vil framstå som ein firkanta koloss å gjera.

Det er mangelen på vilje eller kanskje meir evne til å sjå ting i heilskap og å sjå litt lenger inn i framtida enn til 2015 som er alarmerande. Tenk om nokon våga å tenkja 2030, eller til og med 2050?

Etter vårt skjøn har Sogndal ein historisk sjanse til å gjera eit grep som vil bli lagt merke til. Langt utanfor fylket.

Me har vore inne på det før, men gjentek det gjerne. Kommunen må sjå heile området, frå og med Sogndal velferdssenter og heilt til prestegarden, i eitt. Dette området kan bli unikt for både helse og omsorg.

Sogndal velferdssenter er til sals. Kommunen har frist på seg til 15. mai til å svara på eit bod om å overta eigedomen frå Leighs legat for rundt 10 millionar kroner. Sjølvsagt bør kommunen takka ja.

Det neste kommunen burde gjera er å hyra ein arkitekt som kan laga ein utbyggingsplan for heile dette området, ein eigen helse og omsorgspark bokstavleg tala. Det ligg sjølvsagt implisitt i dette at barneskulen må rivast og flyttast til Kvåle dit alle andre skular er.

For dyrt, gnålar politikarane. Kanskje litt dyrt på kort sikt men på lang ein framtidsretta genistrek. Noko som vil gjera Sogndal til eit fyrtårn i måten å tenkja omsorg på. Det skulle ikkje forundra oss om slike planar kunne utløysa ekstra tilskot, også. Også det kunne prøvast. Slik nytenkjing burde premierast!

Det må vera langt å føretrekka framfor det som no ligg på bordet som arkitekt Erling Birger Haugen kom med karakteristikkar om på folkemøtet sist veke. Han karakteriserte det som eit fullstendig absurd og vanvittig prosjekt. Og han hadde heilt rett. Berre tanken på at det også skal drivast barneskule under ein eventuell utbyggingsperiode av kolossen i Stitoppen er meir enn gale nok.

Men framleis er ingenting avgjort. Framleis kan dei folkevalde snu. Eller rettare: ta til vit. Spørsmålet er om det finst mange nok folkevalde med mot, evne og vilje nok til å sjå viktige saker i samanheng og i perspektiv.

Eit ekte vekstsenter

Sist veke kom tala frå Statistisk sentralbyrå som stadfestar det alle som reiser gjennom Sogndal ser med eigne auge regionsenteret er eit ekte vekstsenter. Eit stort vektsenter, faktisk. I fjor auka folketalet i Sogndal mykje meir enn nokon annan stad i Sogn og Fjordane.

I dag ser Sogn Avis nærare på den store byggjeaktiviteten, som går føre seg i regionsenteret no. Denne må vera større og meir omfattande enn noko anna utbygging i Sogn gong før, truleg i heile fylket. Det er snakk om fire store byggjeprosjekt på ein gong. Samla prosjektkostnader nærmar seg milliarden.

Svære heisekranar både på Slakteritomten, på Foss og ved Sogningen Storsenter er synlege prov på at utviklinga i bygdebyen er stor. I tillegg er endå ei blokk på Ulvahaugen under oppføring, og bustadbygginga på Gurvin er formidabel.

Snart kjem også bygging av den nye Loftesnesbrua i gang og som ein i denne samanheng liten, men viktig parentes vonar me at arbeidet med Fjordstien også kjem i gang i løpet av året.

Sogndal kommune hadde altså den desidert største folketalsveksten i Sogn og Fjordane i fjor. Ein auke på 188 personar til 7.348 er ein vekst på nesten 100 fleire enn i fylket sin mest folkerike kommune, Førde. Men også Førde og dei andre store kommunane i fylket veks. Og fleire av nabokommunane til Sogndal, som Leikanger og Luster hadde vekst i folketalet i fjor. Dette er gledeleg.

I tillegg til folketalsveksten i Sogndal er det sjølvsagt positivt å registrera at folketalet i Sogn og Fjordane auka med 459 i 2011.

men Det er grunn til litt uro på sørsida av fjorden i Sogn, med eit gledeleg unntak frå Aurland, som fekk 23 nye innbyggjarar i fjor. Både i Vik, Lærdal, Balestrand, Årdal og ikkje minst Høyanger, gjekk folketalet ned.

Folketalet i Sogndal har gått rett veg i fleire år no, men veksten har kome seint, og regionsenteret i Sogn har sakka etter samanliknbare bygdebyar. Men i fjor voks Sogndal meir enn gjennomsnittet og det er det verdt å merka seg.

Denne veksten har med fleire ting å gjera, men først og fremst trur me at det handlar om at det blir utvikla nye og spanande arbeidsplassar og at bustadbygginga har skote skikkeleg fart dei siste åra. Denne veksten dreg dei næraste kommunane med, og spørsmålet no er om den vidare veksten blir så kraftig at den blir merkbar også for dei andre kommunane. Byggjeaktiviteten som no går føre seg peikar i den retning.

Bør greia ut samanslåing

Årsmøtet i Leikanger Arbeidarparti vil leggja arbeidet med å greia ut konsekvensane av ei kommunesamanslåing med Sogndal på is. Sidan Senterpartiet i Leikanger alt under i valkampen i fjor gjorde det klart at dei meiner det same, er det fleirtal for å stoppa opp dette arbeidet i det nye kommunestyret i Leikanger.

Det kanskje mest oppsiktsvekkjande i denne saka, er grunngjevinga for at eit samrøystes årsmøte i Leikanger Ap, vil leggja utgreiinga på is. Dei meiner at denne saka ikkje er moden for ei utgreiing enno.

Dersom ikkje tida er moden for ei utgreiing av ei samanslåing av Sogndal og Leikanger no, så blir ho aldri det. Då er det snarare manglande vilje enn modning det handlar om. Etter vårt skjøn er denne saka overmoden for ei skikkeleg og grundig utgreiing, og det har ho vore i mange år. Og spesielt etter at tunnelane i Stedjeberget og gjennom Fatla kom på plass.

Me har for så vidt stor sans for at Leikanger Ap meiner at ei samanslåing av berre Sogndal og Leikanger blir for puslete. Ifølgje partileiar Jan Håkon Odd ser årsmøtet føre seg ei større kommunesamanslåing på nordsida. Lokallaget meiner at ei samanslåing av Sogndal, Leikanger og Luster ei minimumsløysing.

Dette er me samde med lokallaget i, og det har me teke til orde for tidlegare, ved fleire høve. Ein samanslått storkommune av desse tre vil få stor tyngde, på alle måtar. Men me er redd for at dette ligg eit godt stykke inn i framtida. Og me trur ikkje at det er lurt å venta med å greia ut den mest openberre samanslåinga i heile fylket, Sogndal og Leikanger, medan ei ventar på lustringane.

Det einaste som truleg vil setja skikkeleg fart i den prosessen, er ei samanslåing med tvang der Stortinget fortel kvar kommuneskapet skal stå, rett og slett. Det er heilt utenkjeleg at ei raudgrøn regjering vil gå inn for tvangssamanslåing av kommunar, i alle fall så lenge Senterpartiet sit i regjeringa. Men skulle Erna Solberg & Co ta over styringa kan det bli heilt andre tonar.

Det kan vera at Leikanger Ap ser føre seg eit regjeringsskifte etter Stortingsvalet i 2013, og at det er konsekvensane av eit slikt regjeringsskifte dei vil bu seg på. Me tykkjer det er ei alt for defensiv haldning og oppmodar både sogndøler og systrendingar til å gjennomføra denne utgreiinga. Då legg dei premissane sjølve.

Og så får det koma som ein stor pluss om lustringane skulle vakna.

Seksjoner

Min side

Sider

Kontrollpanel

Blir fjerna utan debatt?

Hausten 2009 vedtok Sogndal kommune å oppretta ei stilling som kultursjef. I eit intervju med Sogn Avis, då stillinga vart utlyst, sa sektorleiar for kultur og næring, Inger Pedersen at dette var ei stilling utan administrativt ansvar, og med fokus på kultur. Den nye kultursjefen skulle også få vera med på å utforma stillinga sjølv.

To år seinare er det alt som tyder på at denne stillinga blir fjerna. Kultursjefstillinga, som skulle ha fokus på kulturen i regionsenteret, skal vekk. Både dei folkevalde i formannskapet og administrasjonen forklarar det dramatiske kuttet med at dette er heilt naudsynt for å oppnå budsjettbalanse. Og sidan det ikkje er ei lovpålagd stilling, kan ho fjernast med eit pennestrøk i økonomiplanen, tydelegvis.

Det blir lagt merke til, langt utanfor kommunegrensene, at vekstkommunen og regionsenteret Sogndal, fjernar stillinga som kultursjef. Fleire utøvande kunstnarar har uttalt seg kritisk til dette på ulike sosiale media. Dette er ikkje spesielt god reklame for «kulturbygdi».

Mellom linjene er det fleire som seier til Sogn Avis at det slett ikkje berre kan vera budsjettbalansen som gjer at dette skjer. Det blir peika på at Maryann G. Mundal ikkje har fungert slik som målsetjinga var. Ho har ikkje makta å løfta fram kulturen i kommunen på den måten mange hadde vona ein kultursjef i ei sopass fri stilling, burde gjera, blir det hevda.

Det kan så vera. Me skal utan vidare vedgå at me ikkje har god kjennskap til korleis kultursjefen i regionsenteret dei to siste åra har fungert innanfor kommunen. Men me konstaterer at kultursjefen ikkje har vore spesielt mykje framme i det offentlege søkjelyset. Heller ikkje i samband med markeringa av at Sogndal Kulturhus er 20 år, har kultursjefen vore synleg.

Det kan med andre ord vera fleire ting som tyder på at Sogndal kommune ikkje trefte spikaren på hovudet med si tilsetjing av kultursjef i februar 2010. Men kven er i så fall det sitt ansvar? Og kva fortel det om evna til langsiktig planlegging i denne kommunen, at ein kultursjef blir fjerna under to år etter at vedkomande byrja?

Men meir enn noko saknar me ein politisk debatt om kulturen sin posisjon i kommunen framover. Det er nemleg eit faktum at framlegget om å kutta kultursjefstillinga har passert gjennom formannskapet utan at Sogn Avis har registrerer antydning til debatt om kuttet. Dermed blir spørsmålet til dei folkevalde i Sogndal: Kva vil de me kulturen no?

Framgang som utfordrar

For tredje året på rad opplever Høgskulen i Sogn og Fjordane ein auke i søkjartalet. Veksten frå i fjor er på heile 19 prosent. Det er så bra at minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland (SV) trekte fram HSF då ho kommenterte Samla opptak sist veke.

Det er faktisk ingen annan utdanningsinstitusjon her i landet, som har hatt ei så god utvikling som Høgskulen i Sogn og Fjordane dei fem siste åra. I 2011 er søkjartalet heile 65 prosent høgare enn i 2007. Dette er viktige tal for høgskulen i kampen om framtidige ressursar. Etter ein periode der fleire høgskular i distrikta har vore under press, gjer ei slik utvikling inntrykk.

Det er vanskeleg å peika på ein enkelt grunn til den positive utviklinga, alt tyder på at forklaringa er samansett. Men me trur ikkje det kan vera nokon som helst tvil om at fokus på friluftsliv og fjellsport dei siste åra, har slått positivt ut. Også satsinga på idrett har bidrege mykje til den gledelege veksten.

Så skal ein heller ikkje kimsa av høgskulen sine eigne flosklar, om at «nøgde studentar er den beste reklamen høgskulen kan få». Studentmiljøet, og ikkje minst Studenthuset Meieriet er kjent langt utanfor fylkesgrensene. Sjølvsagt slår dette positivt ut på søkjartala. Dette miljøet må takast vare på.

Det er elles grunn til å merka seg at meir enn halvparten av søkjarane i 2011 kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane.

No er det ikkje slik at auke i søkjartala automatisk gjev fleire studieplassar ved HSF. Men det ligg i korta at gode søkjartal er eit godt argument å ta med seg når ein søkjer om auka ressursar, og dermed fleire studieplassar.

Det er heller ikkje råd å oversjå dei openberre utfordringane fleire studieplassar i bygdebyen vil medføra. Først og fremst når det gjeld når det gjeld å gje tak over hovudet til alle. Me registrerer med ujamne mellomrom kritikk frå studentar mot dårlege og dyre hyblar. Me har ikkje grunn til å tru at dette er eit stort problem, men for dei det gjeld er dette sjølvsagt meir enn ille nok. Og det vil vera øydeleggjande for Sogndal som studiestad om det skulle festa seg eit inntrykk av at bygda har eit dårleg og dyrt butilbod.

Det er avgjerande at Studentsamskipnaden aukar talet på bustader og at lokale hybelvertar gjer det dei kan for at studietida i Sogndal skal bli så god som mogeleg og til ein pris som er til å leva med for alle partar. Då kan HSF ha god von om at den positive trenden held fram.

Informasjon er det viktigaste

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Dei siste dagane har Sogn Avis hatt fleire artiklar om det politiet karakteriserer som ei alarmerande utvikling av eit narkotikamiljø i regionsenteret. Under ein større aksjon sist veke vart ein ung narkolangar på 17 år pågripen for å ha selt amfetamin. I tillegg vedgjekk åtte personar bruk av narkotika. Konstituert lensmann Einar Christensen karakteriserer det som skremmande at syttenåringar sel narkotika.

Det har den konstituerte lensmannen heilt rett i. Det same har han sjølvsagt når han peikar på at det er veldig bra at politiet klarar å stogga slike langarar. Dei fleste som vart pågripne og som har vedgått bruk av narkotika er i alderen 17 til 20 år, men også ein i 40-åra var med.

Me tykkjer det lokale politiet har teke tak i og handtert denne saka på ein framifrå måte. Ikkje berre er det rørande at politiet har så god kontroll på miljøet at dei faktisk kunne gjennomføra ein så målretta aksjon som sist onsdag og torsdag. Det er også svært positivt at det neste steget i politiet sin kamp mot at eit narkotikamiljø skal kunne få utvikla seg vidare, er informasjon. Informasjon til foreldre, lærarar og ikkje minst til ungdomane sjølve.

Først og fremst er politiet sitt informasjonsarbeid retta mot den vidaregåande skulen. Det er bra. Det er ingen tvil om at ungdommar som flytter heimefrå på hybel for første gong i 16-17–årsalderen kan vera i faresona og mål for eventuelle langarar. Det er ufatteleg viktig med informasjon til både lærarar, elevar foreldre slik at ein veit kva ein skal sjå etter og kva ein eventuelt bør reagera på slik at ein kan gripa inn tidlegast mogeleg.

Det er neppe overraskande for ekspertisen at det oppstår eit narkotikamiljø i ein bygdeby med eit så stort studentmiljø som Sogndal. Men det spesielle er at dette miljøet som no er rulla opp, ifølgje politiet, ikkje har noko tilknyting til studentmiljøet i det heile. Etter det me forstår handlar dette om ungdommar som er frå Sogndal og Luster. Dette kan ikkje bety anna enn at det er ekstra grunn for foreldre og pårørande i regionen å vera på vakt i forhold til dramatisk endring i oppførsel og veremåte hjå dei unge. Sjølv om dette gjeld eit forsvinnande lite mindretal i desse aldersgruppene, er det meir enn ille nok om det får utvikla seg.

I går og i dag går det føre seg at ein større konferanse i Rusfagleg forum på Skei. Dette er ein konferanse som Fylkesmannen arrangerer i samarbeid med politiet, fylkeskommunen, Helse Førde og Rusettervernet. Tema for konferansen er Tidleg intervensjon for risikoutsette born og unge i alderen 10 til 18 år og kor viktig det er å bry seg. Konferansen er skremmande aktuell i forhold til den siste opprullinga i Sogndal, og ikkje akkurat mindre viktig av den grunn.

Ein latterleg fotballkrangel

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Det er full krig mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Det vil seia – krigen er over. Saftkokaradn er historie som ein offisiell supporterklubb til Sogndal etter ein til dels omfattande debatt i ulike media og ikkje minst på ulike nettforum. Der har det ikkje mangla på ufine karakteristikkar, for å seia det slik.

Men etter Radio Røysi på NRK Sogn og Fjordane si sanselaust morosame raljering med konflikten mellom fylket sitt fotballflaggskip og deira mest synlege supporterar sist fredag, er det kanskje på tide å leggja denne latterlege krangelen daud ?

Eller for å seia det på ein annan måte, dei som framleis har lyst å krangla om dette bør kanskje låna eitt øyra til Radio Røysi først.

Me er ikkje sikre på korleis denne saka kunne få slike dimensjonar som den faktisk har fått, og korleis frontane kunne bli så uforsonlege. I fleire radiodebattar har det vore råd å ana at det ligg meir mellom partane enn det som har kome ut i ope lende.

Uansett så kan ikkje ein supporterklubb, offisiell eller ikkje, rekna med at dei kan koma til eit møte med klubben med eit ultimatum og rekna med å få gjennomslag. Eit ultimatum hindrar all sakleg debatt. Om Saftkokaradn var Sogndal Fotball sin offisielle supporterklubb før denne krangelen, så forsvarte dei ikkje å bli karakterisert som ein seriøs supporterklubb med ei slik tilnærming.

Samstundes ligg det mykje under det offisielle svaret frå Sogndal Fotball. Det må ha vore svært mykje leiinga i Sogndal Fotball var misnøgde med i forhold til Saftkokaradn når dei møtte ultimatumet med å senda supporterane rett på dør. Det kan nesten verka som om dei sat og venta på ei høve til å kvitta seg med desse supporterane.

Ingen – verken Sogndal Fotball eller Saftkokaradn tener noko på ein krangel som dette. Dei einaste som kan ha glede av det er media og spesielt Radio Røysi. Utfordringa for Sogndal Fotball no er korleis dei skal gå vidare ei forhold til ein supporterklubb. I si tid forsvann Fleskaberget ut til venstre – no følgjer Saftkokaradn same vegen.

I medgang var for så vidt begge desse heilt greie, sjølv om dei har hatt uendeleg langt att for å tola samanlikning med Haugesund sine supporterar, for ikkje å snakka om Aalesund. Vona må vera at den latterlege krangelen me har sett resulterer i at det vaknar opp supporterar som bestemmer seg for å ta eit skikkeleg tak for klubben i sitt hjarte både i medgang og i motgang.

Slik kan det koma noko positivt ut av den latterlege krangelen, men det er vel kanskje for mykje å vona på.

Parkering i Sogndalsfjøra

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Opplev Fjøra, handelsforeininga som organiserer dei handlande på nedsida av Gravensteinsgata i regionsenteret, ropar no eit varsku om parkeringstilhøva. Av ulike grunnar vil det bli færre parkeringsplassar enn tidlegare rekna med i sentrum. Det er all grunn til å ta Opplev Fjøra si uro på alvor.

Ei viktig årsak til at det ikkje blir fleire parkeringsplassar i sentrum er at Sognatun AS har lagt planane sine om underjordiske parkeringsplassar på is. I tillegg er dei omfattande planane om underjordisk parkeringsanlegg i området mellom Sparebanken Vest – Park Hotell – heradshuset heilt i det blå. Det er fint lite som tyder på at det i nær framtid vil bli noko av tankane om å knyta parkeringsanlegget for Sogningen Storsenter saman med eit underjordisk anlegg på nedsida av Gravensteinsgata.

Når neste og førebels siste del av den nye sentrumsparken blir bygd ut, vil også alle parkeringsplassane ved heradshuset bli borte. Desse skal erstattast med eit fonteneanlegg. Fjøra blir endå vakrare enn i dag, men samstundes blir det verre å få parkert. Dette uroar naturleg nok Opplev Fjøra.

Handelsforeininga etterlyser tiltak og startar sympatisk nok hjå seg sjølve. Leiar Rita Navarsete peikar til dømes på at butikkane bør oppmodar sine tilsette til å ikkje parkera framfor forretningane dei jobbar i. Dette trudde me eigentleg ikkje var noko problem lenger, kanskje er det for rimeleg å parkera i sentrum av Sogndal? Ei maksimumsgrense på to timar kan sjølvsagt vera eitt alternativ.

Opplev Fjøra si uro over denne utviklinga kjem berre få månader etter at heile parkeringsordninga vart sett i spel i samband med planane for eit nytt kjøpesenter i Nedrehagen. Dersom det er eit problem med få parkeringsplassar i dag, kan ein berre tenkja seg korleis det vil bli med to eller tre timars gratis parkering.

I mellomtida har dei folkevalde i Førde, der det framleis er gratis parkering, sett ned eit utval som skal vurdera innføring av parkeringsavgift i sunnfjordbyen. Gratisparkeringa i Førde var eitt av hovudmomenta bak Sjølyst Utvikling sitt krav om tidsavgrensa gratisparkering i Sogndal. Dersom Førde innfører p-avgift, kan det umogeleg vera fornuftig av Sogndal kommune å gå motsett veg – verken av den eine eller andre årsaka.

Som om ikkje utviklinga på nedsida av Gravensteinsgata er utfordrande nok, er også Sogningen Storsenter si planlagde utviding på den andre sida av gata litt usikker. Det er i alle fall ikkje vedteke nokon startdato på utvidinga som også skal gje fleire hundre nye parkeringsplassar. Slik sett blir parkeringstilhøva i regionsenteret no utfordra på fleire måtar.