Viser arkivet for stikkord sognefjorden

Eit prisverdig engasjement

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Sogn regionråd har med støtte frå fylkeskommunen sett i gang eit forprosjekt, Leidang, som skal leggja til rette for berekraftig bruk av fjorden. Målsetjinga er at vår felles kulturarv, som er knytt til fjorden, skal vidareførast og takast vare på for komande generasjonar. Eit viktig element i så måte er å ta vare på våre stolte båtbyggjartradisjonar.

Bygging av sognebåtar skal stimulerast og – på litt sikt – er det tanken å få meir aktivitet ute på Sognefjorden gjennom å stabla på beina ein heil liten flåte av sognebåtar. Desse skal byggjast på tradisjonelt vist, tett med fjorden, slik dei gjorde det, dei gamle båtbyggjarane Andreas Torkelsen, Johan Høl, Svein Henjesand og alle dei andre som heldt båtbyggjartradisjonen ved like, men som no er borte.

Når denne flåten er etablert, er det meininga at båtane skal leigast ut. Vona er at denne aktiviteten på fjorden blir så stor at både regionrådet sjølv og dei involverte kommunane finn grunnlag for at dette forprosjektet kan bli noko permanent.

Dette er etter vårt skjønn eit forprosjekt som fortener all den støtte det kan få. Det er også verdt å merka seg at dei gamle båtbyggjartradisjonane er ivaretekne og no blir vidareført av båtbyggjarar som gjekk i lære hjå Johan Høl. Terje Planke og Svein Erik Øyer er to av desse.

Etablering av den omtalte flåten med sognebåtar er alt godt i gang. John R. Jacobs har tenkt å etablera eit båtbyggjarsenter i Sogn. Jacobs er inne i sitt siste år som båtbyggjarlærling og han er full av lovord om sognebåten. Han peikar til dømes på at Sognebåten har halde seg uendra gjennom fleire hundre år og at den såleis er ei kulturarv av det heilt spesielle slaget. Det faktum at to av dei fem vikingskipa som vart funne i Roskilde i Danmark er bygde i Sogn, seier litt om kva tradisjonar denne båtbyggjarkunsten er tufta på.

Sogn regionråd og initiativtakarane bak forprosjektet, er heldige at det finst entusiastar som John R. Jacobs som faktisk har seriøse og konkrete planar om å etablera eit kompetansesenter for sognebåten i området Leikanger – Kaupanger. Her skal båtane byggjast og her tenker Jacobs seg å ta inn lærlingar som kan føra dei stolte båttradisjonane vidare. Det er eit svært prisverdig og viktig engasjement.

Det er sjølvsagt praktiske og økonomiske hinder på vegen mot etableringa av eit slikt senter. Me vonar det let seg gjera å finne eigna lokale i Sogndal eller Leikanger slikt at dette kompetansesenteret kan realiserast snarast mogeleg. Ja, eigentleg burde det vel vera kamp mellom dei to nabokommunane om å få kompetansesenteret.