Viser arkivet for stikkord sogningen

Parkering i Sogndalsfjøra

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Opplev Fjøra, handelsforeininga som organiserer dei handlande på nedsida av Gravensteinsgata i regionsenteret, ropar no eit varsku om parkeringstilhøva. Av ulike grunnar vil det bli færre parkeringsplassar enn tidlegare rekna med i sentrum. Det er all grunn til å ta Opplev Fjøra si uro på alvor.

Ei viktig årsak til at det ikkje blir fleire parkeringsplassar i sentrum er at Sognatun AS har lagt planane sine om underjordiske parkeringsplassar på is. I tillegg er dei omfattande planane om underjordisk parkeringsanlegg i området mellom Sparebanken Vest – Park Hotell – heradshuset heilt i det blå. Det er fint lite som tyder på at det i nær framtid vil bli noko av tankane om å knyta parkeringsanlegget for Sogningen Storsenter saman med eit underjordisk anlegg på nedsida av Gravensteinsgata.

Når neste og førebels siste del av den nye sentrumsparken blir bygd ut, vil også alle parkeringsplassane ved heradshuset bli borte. Desse skal erstattast med eit fonteneanlegg. Fjøra blir endå vakrare enn i dag, men samstundes blir det verre å få parkert. Dette uroar naturleg nok Opplev Fjøra.

Handelsforeininga etterlyser tiltak og startar sympatisk nok hjå seg sjølve. Leiar Rita Navarsete peikar til dømes på at butikkane bør oppmodar sine tilsette til å ikkje parkera framfor forretningane dei jobbar i. Dette trudde me eigentleg ikkje var noko problem lenger, kanskje er det for rimeleg å parkera i sentrum av Sogndal? Ei maksimumsgrense på to timar kan sjølvsagt vera eitt alternativ.

Opplev Fjøra si uro over denne utviklinga kjem berre få månader etter at heile parkeringsordninga vart sett i spel i samband med planane for eit nytt kjøpesenter i Nedrehagen. Dersom det er eit problem med få parkeringsplassar i dag, kan ein berre tenkja seg korleis det vil bli med to eller tre timars gratis parkering.

I mellomtida har dei folkevalde i Førde, der det framleis er gratis parkering, sett ned eit utval som skal vurdera innføring av parkeringsavgift i sunnfjordbyen. Gratisparkeringa i Førde var eitt av hovudmomenta bak Sjølyst Utvikling sitt krav om tidsavgrensa gratisparkering i Sogndal. Dersom Førde innfører p-avgift, kan det umogeleg vera fornuftig av Sogndal kommune å gå motsett veg – verken av den eine eller andre årsaka.

Som om ikkje utviklinga på nedsida av Gravensteinsgata er utfordrande nok, er også Sogningen Storsenter si planlagde utviding på den andre sida av gata litt usikker. Det er i alle fall ikkje vedteke nokon startdato på utvidinga som også skal gje fleire hundre nye parkeringsplassar. Slik sett blir parkeringstilhøva i regionsenteret no utfordra på fleire måtar.