Viser arkivet for stikkord teater

Finst det ein rik onkel?

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Alt tyder på at Stiftinga Fridtjov den Frøkne må avlysa Fridtjovspelet til sommaren. Vanskeleg økonomi og manglande vilje frå både lokalt hald og frå Norsk Teaterråd, er hovudforklaringa på at spelet truleg må avlysast. Dette er trist, ja nesten tragisk for regionen vår. Fridtjovspelet hadde premiere i fjor sommar og vart ein stor suksess, både kunstnarisk og publikumsmessig.

Meir enn 1400 betalande fekk med seg stykket i fjor. Det var altså ikkje tilstrekkeleg til å skapa ei økonomisk plattform for ei oppfølging no i 2009. Skodespelarane som var med på å gjera stykket til kunstnarisk suksess i for sommar, var meir enn villige til å gå laus att. Det gjeld både dei profesjonelle og dei mange amatørane som var i sving på utescena på Vangsnes.

Det er fleire grunnar til at det er trist at Fridtjovspelet ikkje kan halda fram i år. Den viktigast er at det krev tid å få eit spel som dette til å sitja, reint kunstnarisk. Det var eit kjempeløft og få spelet fram i fjor, det ville vore mykje lettare i år. Går det eitt eller to år til, er ein attende til null, med alle dei utfordringane det fører med seg. Dessutan blir det vanskelegare å få dette spelet og tidspunktet for det, til å festa seg hjå publikum dersom det går for lang tid mellom kvar framsyning.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har sagt ja til å bidra med 150.000 kroner til ei framsyning til sommaren. Det er sjølvsagt bra og det kompenserer nesten for bortfallet av dei 200.000 frå teaterrådet. Men ingen av kommunane i nærleiken av spelet, med unnatak frå heimkommunen Vik, har førebels sagt seg villige til å bidra med noko som helst. Ja, skal me trur arrangørane har ikkje Balestrand og Leikanger ein gong teke seg bryet med å svara på søknaden om støtte.

Det vonar me skuldast ei mistyding. Sopass som eit svar må dei i det minste venta. Ja, ærleg tala – nokre tusenlappar i støtte burde både Leikanger og Balestrand koma med. Men det beste av alt var sjølvsagt om Sogn regionråd hadde manna seg opp og sagt at Fridtjovspelet – det er noko me vil ha midt i regionen vår – helst kvar einaste sommar.

Dei maktar det både på Moster, Stiklestad og ei lang rekke andre stader rundt om i dette landet. Kva er det med oss sogningar som gjer at me ikkje maktar å løfta eit så vellukka og ferdigspikra produkt som Fridtjovspelet opp i og fram til å bi noko permanent? At me må melda pass etter berre ein sommar, som attpåtil var vellukka?

Ifølgje styret for stiftinga er det no truleg berre ein rik onkel som kan berga ei oppsetjing til sommaren. Kva om Sogn regionråd tek på seg den rolla på vegner av alle sogningar og bidreg til å gjera dette til regionen sitt felles kulturløft? Det hadde vore noko, det.