Viser arkivet for stikkord trafikk

For dårleg busstilbod

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Laurdag kunne Sogn Avis fortelja at den sokalla sjukehusbussen frå Midtre Sogn til Førde sentralsjukehus slett ikkje er nokon sjukehusbuss. Bussen, som tidlegare gjekk heilt fram til sjukehuset, stoggar no ved rutebilstasjonen. Der må pasientane, som skal til sentralsjukehuset, gå av bussen, venta til neste ringbuss kjem, løysa ny billett og så bli frakta til sjukehuset – med ringbussen.

Dette busstilbodet blir nytta av pasientar og reisande frå kommunane Balestrand, Vik, Høyanger og Gaular. 83 år gamle Atle Ytrefjord frå Balestrand karakteriserer dette som simpel og dårleg service. Det har han så fullstendig rett i. Av mange rare og undarlege innsparingstiltak rundt om i helse-Noreg er dette eitt av dei mest tåpelege me kan hugsa å ha registrert.

Tidlegare, før Fjærlandsvegen vart opna, gjekk den ordinære sjukehusbussen mellom sjukehuset i Lærdal og sentralsjukehuset via Balestrand og Høyanger før den stogga ved sjukehuset. Etter at Fjærlandsvegen vart opna, vart det oppretta ei ny rute frå Dragsvik til sjukehuset i Førde. Sjølv om denne bussen tok med seg skuleelevar, pendlarar og andre reisande, har han på folkemunne i alle år vorte kalla «sjukehusbussen».

Då bussen i fjor slutta med å køyra heilt fram til sjukehuset, fekk sjåførane naturleg nok mange klager. Det er ikkje spesielt rart. Er du til dømes funksjonshemma seier det seg sjølv at det ikkje alltid er like enkelt å skifta buss. Er du eldre, sjuk eller skrøpeleg til beins kan dette vera ei ekstra belastning. Enkelte sjåførar har etter omlegginga, som ein ekstra service likevel køyrt pasientane heilt fram, men nytt elektronisk billettsystem har sett ein effektiv stoggar for slik service og velvilje frå enkeltsjåførar.

Trafikksjefen i Firda Billag, Stein Hårklau forstår reaksjonane, men fråskriv seg all skuld. Han peikar på politikarane som ikkje lenger vil betala for dei ekstra meterane frå rutebilstasjonen til sjukehuset. Det er altså opp til samferdslepolitikarane i fylkeskommunen å gjera noko med dette.

Rådet for eldre menneske med nedsett funksjonshemma har teke opp saka, og har fått tilbakemelding om at innspelet vil bli lagt fram for hovudutval for samferdsle under møtet denne veka, den 4. mars der rutetilbodet i fylket frå 1. mai 2009 kjem på bordet. Me tek det utan vidare for gitt at politikarane i samferdsleutvalet tek tak i denne saka straks, og løver dei ekstra tusenlappane det måtte kosta at denne bussen køyrer heilt fram til sjukehuset.

Noko anna er ikkje berre uakseptabelt, der er totalt meiningslaust og uforståeleg i eit fylke som Sogn og Fjordane.