Viser arkivet for stikkord trippeldrap

Ein grufull tragedie

Den grufulle massakren om bord i Valdresekspressen måndag kveld har skaka heile landet. Ja, historia om den ufattelege tragedien har gått verda rundt. Me stiller oss alle spørsmålet: korleis kunne dette skje?

Våre tankar går i dag først og fremst til dei pårørande i Årdal, Valdres og i Sverige, som må leva vidare med at deira kjære vart rivne vekk frå dei på den verste, mest brutale måten. No må dei få den oppfølging, hjelp og støtte som dei treng.

Utover natta til i går vart det klart at gjerningsmannen er ein 31 år gamal asylsøkjar frå Sør-Sudan. Han skal ha fått avslag på asylsøknaden fordi han allereie har søkt om asyl i Spania. Trippeldrapsmannen skulle ifølgje VG sendast åleine ut av landet i går.

Ugjerninga om bord i Valdresekspressen reiser fleire spørsmål. Det eine handlar – endå ein gong i denne regionen – om politiet si responstid. Det tok ein time og 14 minutt før den første politipatruljen var framme på åstaden. Igjen opplevde bilistar at både brannvesen, ambulansepersonell og andre redningsmannskap kom fram lenge før politiet. Også Sogn Avis var i området med to journalistar lenge før politipatruljen kom fram.

Dette er heilt uhaldbart. Og denne episoden er endå eit døme på at politiet sin beredskap er alt for dårleg her ute i distrikta. Me torer ikkje tenkja på korleis det vil bli dersom konklusjonane i den ferske politianalysen blir sette ut i livet.

Politiet må få auka ressursar, lensmannskontor må ikkje leggjast ned, men i staden setjast i stand til å aksjonera straks noko skjer i nærmiljøet. Det er meiningslaust at det skal koma ein politipatrulje heilt frå Lærdal når det skjer så grufulle ugjerningar som dette ein 20 minuttars køyretur frå Øvre Årdal.

Me kan ikkje leva med at brannfolk eller tilfeldige forbireisande skal gripa inn i så dramatiske episodar. Kva om trippeldrapsmannen i går hadde hatt skytevåpen?

Eit anna spørsmål denne saka reiser er korleis asylsøkjarar, som får avslag på asylsøknaden sin og skal ut av landet, blir følgde opp og ikkje minst – transporterte ut av landet. Det grufulle trippeldrapet i går må føra til at UDI og dei ulike asylmottaka rundt om i landet går grundig gjennom sine rutinar.

Det er elles svært viktig at både folk i lokalmiljøet i Årdal og elles, no lyttar til ordførar Arild Ingar Lægreid sine kloke ord, då han i går peika på at det er snakk om ein enkelt gjerningsmann. Og at han åleine er ansvarleg for den grufulle ugjerninga.

(Leiar Sogn Avis papirutgåve onsdag 6.11.)