Viser arkivet for stikkord ungdom

Engasjert ungdom

Luster er ein av 20 kommunar her i landet som er med i eit prøveprosjekt, der 16-åringar får røysta i årets kommuneval. Dette er eit spanande prosjekt av fleire grunnar, og ikkje minst etter dei grufulle ugjerningane på Utøya. Mykje tyder på at ungdomane også i Luster engasjerer seg sterkare i den politiske debatten enn før.

Det var i alle fall mange 16- og 17-åringar som møtte fram til samlinga for unge førstegongsveljarar på Hafslo sist veke. Der kunne ungdomane gje klar melding til listetoppane i heimkommunen om kva dei tykkjer er viktige saker. Berre det at det finn stad eit møte som dette i forkant av årets kommune- og fylkestingsval, viser at dette prøveprosjektet er viktig!

Barneombod Reidar Hjermann er ein av dei som har engasjert seg sterkast i denne saka. Han er no på rundreise i dei 20 kommunane, som deltek i prøveordninga. Barneombodet sin innsats er utvilsamt av stor verdi. Me er rimeleg sikre på at Hjermann under møtet på Hafslo bidrog til at fleire ungdomar kjem til å nytta røysteretten sin.

Barneombodet legg ikkje skjul på at han helst hadde sett at langt fleire enn 20 kommunar hadde fått delta i dette prosjektet. Det er me samde med han i. Først og fremst fordi dei unge er storforbrukarar av kommunale tenester og veit kor skoen trykkjer. Det gjeld både når det gjeld skule og kulturtilbod. Men ikkje minst kan ungdomane bidra med innspel til kva som er viktige grep for at dei skal flytta heim att etter enda utdanning, til dømes.

Stemmeretten under årets val gjer det ekstra viktig for dei ulike politiske partia å engasjera fleire ungdomar i den politiske debatten. Og ikkje minst å få dei til å gå til stemmeurnene den 12. september. Og sjølvsagt burde det ha vore langt fleire ungdomar på vallistene. I dag er snittalderen på folkevalde 51 år, så det er ein lang veg å gå.

Responsen frå dei frammøtte ungdomane på Hafslo tyder på at mange av 16- og 17-åringane kjem til å nytta seg av røysteretten. Både leiaren og nestleiaren i Ungdomens kommunestyre i Luster, Kine Fjøsne og Julie Rosenlund melder at dei merkar at ungdomane er meir engasjerte en før. Skal dette bli meir enn eit prøveprosjekt, er det avgjerande at dei verkeleg brukar stemmeretten sin om knappe 14 dagar. Så langt tykkjer me at Luster kommune har gjort ein god innsats for å engasjera ungdomane sine.

Informasjon er det viktigaste

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Dei siste dagane har Sogn Avis hatt fleire artiklar om det politiet karakteriserer som ei alarmerande utvikling av eit narkotikamiljø i regionsenteret. Under ein større aksjon sist veke vart ein ung narkolangar på 17 år pågripen for å ha selt amfetamin. I tillegg vedgjekk åtte personar bruk av narkotika. Konstituert lensmann Einar Christensen karakteriserer det som skremmande at syttenåringar sel narkotika.

Det har den konstituerte lensmannen heilt rett i. Det same har han sjølvsagt når han peikar på at det er veldig bra at politiet klarar å stogga slike langarar. Dei fleste som vart pågripne og som har vedgått bruk av narkotika er i alderen 17 til 20 år, men også ein i 40-åra var med.

Me tykkjer det lokale politiet har teke tak i og handtert denne saka på ein framifrå måte. Ikkje berre er det rørande at politiet har så god kontroll på miljøet at dei faktisk kunne gjennomføra ein så målretta aksjon som sist onsdag og torsdag. Det er også svært positivt at det neste steget i politiet sin kamp mot at eit narkotikamiljø skal kunne få utvikla seg vidare, er informasjon. Informasjon til foreldre, lærarar og ikkje minst til ungdomane sjølve.

Først og fremst er politiet sitt informasjonsarbeid retta mot den vidaregåande skulen. Det er bra. Det er ingen tvil om at ungdommar som flytter heimefrå på hybel for første gong i 16-17–årsalderen kan vera i faresona og mål for eventuelle langarar. Det er ufatteleg viktig med informasjon til både lærarar, elevar foreldre slik at ein veit kva ein skal sjå etter og kva ein eventuelt bør reagera på slik at ein kan gripa inn tidlegast mogeleg.

Det er neppe overraskande for ekspertisen at det oppstår eit narkotikamiljø i ein bygdeby med eit så stort studentmiljø som Sogndal. Men det spesielle er at dette miljøet som no er rulla opp, ifølgje politiet, ikkje har noko tilknyting til studentmiljøet i det heile. Etter det me forstår handlar dette om ungdommar som er frå Sogndal og Luster. Dette kan ikkje bety anna enn at det er ekstra grunn for foreldre og pårørande i regionen å vera på vakt i forhold til dramatisk endring i oppførsel og veremåte hjå dei unge. Sjølv om dette gjeld eit forsvinnande lite mindretal i desse aldersgruppene, er det meir enn ille nok om det får utvikla seg.

I går og i dag går det føre seg at ein større konferanse i Rusfagleg forum på Skei. Dette er ein konferanse som Fylkesmannen arrangerer i samarbeid med politiet, fylkeskommunen, Helse Førde og Rusettervernet. Tema for konferansen er Tidleg intervensjon for risikoutsette born og unge i alderen 10 til 18 år og kor viktig det er å bry seg. Konferansen er skremmande aktuell i forhold til den siste opprullinga i Sogndal, og ikkje akkurat mindre viktig av den grunn.