Viser arkivet for stikkord ungdomslag

"Huset i bygda" framleis viktig

Leiaren er skriven av redaktør Jan Inge Fardal.

Gjennom prosjektet «Huset i bygda» har Sogn og Fjordane Ungdomslag von om å løfta fram og styrka dei organisasjonseigde kulturbygga i Sogn og Fjordane. Rundt om i dei fleste bygdelaga – ja, i realiteten samtlege, står det eit gamalt ungdomshus. Mange er heldigvis framleis i bruk, men ein god del er i ferd med å blomstra av, diverre.

Slik er ungdomslaget sitt prosjekt kjærkome og viktig, og for mange kjem det kanskje i grevens tid – forhåpentlegvis tidsnok til å bremsa forfallet som enkelte stader er kome langt.

Det er liten tvil om at ungdomslaget i fylket har heilt rett når dei peikar på at ungdomshusa våre er svært viktige kulturminne. Dette dokumenterte Sogn Avis i ein større reportasjeserie om ungdomshusa i Sogn sommaren 2007. Spørsmålet i 2009 er kor lenge påstanden om at ungdomshusa framleis er viktige sosiale møtestader vil vera korrekt. I mange bygdelag er det heldigvis slik framleis, men vårt inntrykk er at dei faste brukarane av ungdomshusa ikkje akkurat blir yngre.

Gjennom prosjektet «Huset i bygda» skal ungdomshuset, grendehuset eller samfunnshuset (kjært barn har mange namn) nettopp bli styrka som ein sosial møtestad. Ungdomslaget ynskjer å attreisa desse forsamlingshusa som ein viktig arena for utøving av kultur og som eit levande kulturminne.

Visjonane om å gje «frittståande og organisasjonstilknytte lag som eig og driv kulturbygg nye verktøy og ny glød i arbeidet med å skape moderne og framtidsretta kulturbygg», er sjølvsagt både prisverdig og viktig. Spørsmålet er meir kva type «verktøy» det kan vera snakk om, og korleis dei som er i aldersgruppa som deler namn med ungdomshusa, skal venda attende.

Sist helg gjekk Kulturhuskonferansen av stabelen i Underdal Ungdomshus i Aurland. Dette markerte og startskotet på prosjektet «Huset i bygda». Målet for ungdomslaget er å gjera medlemmane endå meir stolte av ungdomshusa og at alle laga skal bli flinkare til å visa fram desse husa. Det er vel og bra sjølvsagt, men neppe nok til å dra dei store ungdomsmassane innomhus.

Her har Sogn og Fjordane Ungdomslag framleis ein stor jobb å gjera, men dei skal ha mykje ros for at dei set fokus på framtida for dei mange forsamlingshusa rundt i bygdene. Slike prosjekt kan utvilsamt vera med på å styrkja den lokale identiteten og samkjensla, noko det utvilsamt kan vera trong for i ei tid der mange kanskje «snakkar» like ofte med nettvennen på andre sida av kloden som naboar i grannelaget.