Viser arkivet for stikkord utanlandske

Betre vegar og kontroll

Debatten om standarden på utanlandske vogntog på norske vintervegar har nådd nye høgder denne vinteren. Det gjeld både standard på sjølve køyretøya og ikkje minst sjåførane. Skrekkhistorier om vogntogsjåførar som set på kjettingar feil veg, blir lagt merke til.

Frå ulike hald har det kome krav om mykje strengare kontroll på grensene. NAF har teke til orde for døgnbemanna grensekontroll, medan Ap si samferdslepolitiske talskvinne, Anne Marit Bjørneflaten har kravd at utanlandske vogntog må gjennom obligatorisk kontroll av vinterdekk og kjettingar når dei kryssar grensa.

Det blir også snakka om å avgrensa talet på grenseovergangar, der vogntog skal ha lov å passera. I tillegg vil samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa utarbeida eit regelverk, som betyr at den som bestiller godstransport, kan haldast ansvarleg dersom vogntoget som fraktar lasta, sklir av vegen. Det vil mellom anna bety at den som bestiller transport vil måtta betala bot eller bergingsoppdrag dersom bilen ikkje har skikkelege dekk eller kjettingar. Det er eit tiltak som Norges Lastebileier-Forbund støttar fullt ut.

Men det viktigaste tiltaket må vera å freista å stogga vogntoga som ikkje stettar minstekrava på grensa, før dei kjem inn i landet. Det vil gjera det tryggare å ferdast på vegane våre, og ikkje minst er det grunn til å tru at me vil unngå unødvendige stengingar av fjellovergangane.

Laurdag fortalde Sogn Avis om Vangsgutadn i Vang sin rekordtravle vinter. Bilbergingsselskapet på Vang har så langt i vinter berga over 200 vogntog. På det mest travle var dei oppe i 19 oppdrag på eitt døgn. Då er det ikkje spesielt merkeleg at fjellovergangane har vore stengde med ujamne mellomrom denne vinteren, og slett ikkje alltid på grunn av vêrforholda.

Ifølgje Vangsgutadn er 7080 prosent av vogntoga som får problem utanlandske. Men sjølv om det ofte er dårlege dekk, urøynde sjåførar og feil biltype på norske vintervegar som er årsaka, er det også slik at dårleg standard på vegane våre spelar ei viktig rolle. Smale og svingete vegar, som det er på fleire av fjellovergangane, er ikkje akkurat med å redusera faren for trafikkuhell.

Dermed er det to tiltak som er heilt naudsynte betra standarden på norske vegar og styrkja kontrollen på grenseovergangane.