Viser arkivet for stikkord utvikling

Fare for historisk feil

Sogndal kommune er i ferd med å gjera ein historisk tabbe. Me er rimeleg trygge på at eit vedtak om å byggja opp eit nytt omsorgssenter i og under Stitoppen kloss i barneskulen, vil bli vurdert som nær ein skandale av framtidige generasjonar. Det er vanskeleg å fatta og begripa korleis det framleis kan vera mogeleg at det er eit fleirtal for desse planane.

Dette har ikkje primært med at bygget vil framstå som ein firkanta koloss å gjera.

Det er mangelen på vilje eller kanskje meir evne til å sjå ting i heilskap og å sjå litt lenger inn i framtida enn til 2015 som er alarmerande. Tenk om nokon våga å tenkja 2030, eller til og med 2050?

Etter vårt skjøn har Sogndal ein historisk sjanse til å gjera eit grep som vil bli lagt merke til. Langt utanfor fylket.

Me har vore inne på det før, men gjentek det gjerne. Kommunen må sjå heile området, frå og med Sogndal velferdssenter og heilt til prestegarden, i eitt. Dette området kan bli unikt for både helse og omsorg.

Sogndal velferdssenter er til sals. Kommunen har frist på seg til 15. mai til å svara på eit bod om å overta eigedomen frå Leighs legat for rundt 10 millionar kroner. Sjølvsagt bør kommunen takka ja.

Det neste kommunen burde gjera er å hyra ein arkitekt som kan laga ein utbyggingsplan for heile dette området, ein eigen helse og omsorgspark bokstavleg tala. Det ligg sjølvsagt implisitt i dette at barneskulen må rivast og flyttast til Kvåle dit alle andre skular er.

For dyrt, gnålar politikarane. Kanskje litt dyrt på kort sikt men på lang ein framtidsretta genistrek. Noko som vil gjera Sogndal til eit fyrtårn i måten å tenkja omsorg på. Det skulle ikkje forundra oss om slike planar kunne utløysa ekstra tilskot, også. Også det kunne prøvast. Slik nytenkjing burde premierast!

Det må vera langt å føretrekka framfor det som no ligg på bordet som arkitekt Erling Birger Haugen kom med karakteristikkar om på folkemøtet sist veke. Han karakteriserte det som eit fullstendig absurd og vanvittig prosjekt. Og han hadde heilt rett. Berre tanken på at det også skal drivast barneskule under ein eventuell utbyggingsperiode av kolossen i Stitoppen er meir enn gale nok.

Men framleis er ingenting avgjort. Framleis kan dei folkevalde snu. Eller rettare: ta til vit. Spørsmålet er om det finst mange nok folkevalde med mot, evne og vilje nok til å sjå viktige saker i samanheng og i perspektiv.