Viser arkivet for stikkord valla

Forbund for kven?

Fellesforbundet i Sogn og Fjordane er tydelegvis ingen spesielt kjekk stad å vera. Dei siste vekene har NRK Sogn og Fjordane avslørt ein kultur og eit arbeidsmiljø som ikkje er i nærleiken av å høyra heime i eit land som vårt. Avsløringane gir grunn til å stilla spørsmål om kven Fellesforbundet avd. 19 i Sogn og Fjordane er til for.

Ifølgje NRK har fleire tilsette ved Fellesforbundet avd. 19 i Førde følt seg mobba og trakasserte av leiaren sin, Magne Ulvatn. To av desse har slutta, medan ein er langtidssjukmeld. To av desse har stått fram i kringkastinga. Dei har fått støtte frå fleire, mellom andre tidlegare leiar i denne avdelinga, som vart skipa 2004.

Atle Reidar Sandnes (leiar i 2005/2006) peikar på at samtlege som byrja i 2004, no anten er sjukmelde eller har slutta på grunn av trakassering. Sandnes samanliknar det som går føre seg på avd. 19 med det som skjedde i LO sentralt mellom Yssen/Valla. Den saka enda som kjent med at den tidlegare så mektige LO-sjefen måtte forlata jobben sin på grunn av leiarstilen.

I fellesforbundet si avdeling her i fylket er det lite som at nokon tenkjer i den retning. I staden har varslaren Jarle Kirketeig, fått varsel om at Fellesforbundet vurderer å seia han opp. Det er heilt uhøyrt at Fellesforbundet vurderer å seia opp ein tilsett for å ha gått ut på denne måten.

Kva blir att av truverdet til dette fagforbundet om så skulle skje? Korleis kan eit slikt forbund vera i stand til å ivareta medlemmene sine interesser? På deira eiga heimeside er det ein artikkel der LO-leiar Roar Flåthen åtvarar mot eit meir brutalt arbeidsliv. Han påstår at dette er den største skilnaden mellom høgre- og venstresida i norsk politikk. Dersom Kirketeig skulle få sparken for å ha varsla om sine opplevingar, blir Flåthen sitt innlegg heilt utan meining.

Det er også oppsiktsvekkjande at leiinga i Fellesforbundet avd. 19 nektar å kommentera saka. Men det slår ikkje uttalen frå den nasjonale informasjonsleiinga om at Fellesforbundet ikkje ynskjer negativ merksemd. Kva samfunn trur desse folka dei lever i? Og kvifor i all verda vil dei ikkje kommentera?

Etter det me forstår blir det no jobba rundt i klubbane med å skaffa nok oppslutnad til å forlanga ei ekstraordinær generalforsamling for å få skifta ut leiinga. Det er all grunn til å vona at klubbane lukkast med dette.