Viser arkivet for stikkord veks

Eit ekte vekstsenter

Sist veke kom tala frå Statistisk sentralbyrå som stadfestar det alle som reiser gjennom Sogndal ser med eigne auge regionsenteret er eit ekte vekstsenter. Eit stort vektsenter, faktisk. I fjor auka folketalet i Sogndal mykje meir enn nokon annan stad i Sogn og Fjordane.

I dag ser Sogn Avis nærare på den store byggjeaktiviteten, som går føre seg i regionsenteret no. Denne må vera større og meir omfattande enn noko anna utbygging i Sogn gong før, truleg i heile fylket. Det er snakk om fire store byggjeprosjekt på ein gong. Samla prosjektkostnader nærmar seg milliarden.

Svære heisekranar både på Slakteritomten, på Foss og ved Sogningen Storsenter er synlege prov på at utviklinga i bygdebyen er stor. I tillegg er endå ei blokk på Ulvahaugen under oppføring, og bustadbygginga på Gurvin er formidabel.

Snart kjem også bygging av den nye Loftesnesbrua i gang og som ein i denne samanheng liten, men viktig parentes vonar me at arbeidet med Fjordstien også kjem i gang i løpet av året.

Sogndal kommune hadde altså den desidert største folketalsveksten i Sogn og Fjordane i fjor. Ein auke på 188 personar til 7.348 er ein vekst på nesten 100 fleire enn i fylket sin mest folkerike kommune, Førde. Men også Førde og dei andre store kommunane i fylket veks. Og fleire av nabokommunane til Sogndal, som Leikanger og Luster hadde vekst i folketalet i fjor. Dette er gledeleg.

I tillegg til folketalsveksten i Sogndal er det sjølvsagt positivt å registrera at folketalet i Sogn og Fjordane auka med 459 i 2011.

men Det er grunn til litt uro på sørsida av fjorden i Sogn, med eit gledeleg unntak frå Aurland, som fekk 23 nye innbyggjarar i fjor. Både i Vik, Lærdal, Balestrand, Årdal og ikkje minst Høyanger, gjekk folketalet ned.

Folketalet i Sogndal har gått rett veg i fleire år no, men veksten har kome seint, og regionsenteret i Sogn har sakka etter samanliknbare bygdebyar. Men i fjor voks Sogndal meir enn gjennomsnittet og det er det verdt å merka seg.

Denne veksten har med fleire ting å gjera, men først og fremst trur me at det handlar om at det blir utvikla nye og spanande arbeidsplassar og at bustadbygginga har skote skikkeleg fart dei siste åra. Denne veksten dreg dei næraste kommunane med, og spørsmålet no er om den vidare veksten blir så kraftig at den blir merkbar også for dei andre kommunane. Byggjeaktiviteten som no går føre seg peikar i den retning.